— bli med på miljølaget!
Reis klimavennlig, kom i form og vinn premier!

Kva er «Eg reiser grønt»?

Publisert 05.09.2020

Eg reiser grønt er ei haldningskampanje for tilsette i Midt-Telemark kommune, som varer frå 16. september til 30. november 2020. Føremålet er å bidra til reduserte utslepp av klimagassar og betre folkehelsa. Eg reiser grønt er eitt av mange verkemiddel for å oppnå nullvekst i biltrafikken i Bø. Kampanjen frå september til november er ei prøveperiode, og vil bli vurdera gjentatt i 2020.

Tilsette i Midt-Telemark kommune kan delta i ein individuell del med registrering av grøne reiser, og ein avdelingskonkurranse der store og små avdelingar konkurrerar om å bli best på grøne reiser. 


Kampanjen Eg reiser grønt er del av arbeidet med å oppnå nullvekst i personbiltrafikken i Bø sentrum, og inspirere fleire til å samkøyre, sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stadar i Midt-Telemark. Arbeidet med kampanjen administrerast gjennom Bygdepakke Midt-Telemark.

Kven kan delta?
Alle som er tilsett i Midt-Telemark kommune kan delta. Aldersgrensa er 18 år.

Gratis
Det kostar ingenting å delta i kampanjen.

Når kan eg melde meg på?
Kampanjestart er 16. september, kl. 07.00. Frå denne datoen kan du registrere poeng. Men du kan melde deg på frå og med måndag 14. september. Kampanjen varer til og med 30. november.

Kva er grøne reiser?
Å reise grønt er å sykle, gå, samkøyre eller kollektivreiser framfor å køyre bil, fly, eller anna motorisert framkomstmiddel. El-sykkel og el-sparkesykkel reknast som grøne framkomstmidla.

Reine trimturar skal ikkje registrerast, for eksempel tur med hunden, eller ein treningstur på sykkel frå eigen bustad og tilbake. Ei reise på sykkel eller med buss/tog til utgangspunkt for turen reknast derimot som ei grøn reise – for eksempel sykling til naturområde for å gå på tur.

Gjeld turar med el-bil? 

Tur med el-bil gjelder ikkje som grøn reise i vår kampanje. Folkehelse er ein viktig del av kampanjen, og køyring med el-bil gir ikkje fysisk aktivitet og helsegevinst. El-bilar bidrar dessutan også til klimagassutslepp, tilsvarande rundt 50 prosent av utslepp frå ein fossilbil. 

Gjeld reiser i utlandet?

Grøne reiser i utlandet gir ikkje poeng. Reiser ein for eksempel til Thailand med fly, gir det ikkje mening å gi poeng for ein busstur til flyplassen. I 2020 bør vi dessutan ta ferie innanlands på grunn av korona-pandemien.

Gjeld berre reiser til og frå jobb?
Husk at ALLE grøne reiser tel – ikkje berre til og frå jobb. Du kan for eksempel reise grønt til skule, møter, butikk, barnehage, trening, besøk, kino, teater, konserter, utstillingar, idrettsarrangement, båthamn og så vidare. 

Eg bur for langt unna til å sykle/gå og det manglar buss der eg bur?
Du kan delta sjølv om du har for lang veg til jobb og bur ein stad utan busstilbod. Mange som bur og jobbar i Midt-Telemark bur slik til at sykkel, gange og kollektiv er utelukka for mange. Du kan likevel bli med ved å ta med nabo eller kollega i bilen saman med deg. Husk på at du også kan ha miljøvenlege reiser i jobben, som ved å gå til møter, sykle til butikken eller samkøyre på jobbreiser.

Poengskalaen

1 poeng: Ei reise til fots, med sykkel, samkøyring eller buss/tog (for eksempel reise heimanfrå til butikken eller til jobb).

2 poeng: Ei tur-retur-reise til fots, på sykkel eller med buss/tog (for eksempel reise heimanfrå til jobb og tilbake).

3 poeng: Bilfri dag (uansett vekedag). Bilfri vil seie at du ikkje køyrer bil sjølv, eller er passasjer i bil eller taxi i løpet av ein heil dag.

15 poeng: Flyfri månad. Det gjelder alle månadane kampanjen varer - september, oktober og november. 

Berekraftmålar
Berekraftmåleren viser deg korleis du ligg an til å vere berekraftig veke for veke (12 poeng pr. veke). Skal du bli berekraftig i heile kampanjeperioda, må du opparbeide deg minst 180 poeng. Ei berekraftkurve beveger seg frå dag til dag, etter kor mange poeng du registrerer. Så lenge du er i grøn sone, ligg du an til vere berekraftig i inneverande veke. Er du stadig nede i grå sone, vil du slite med å bli berekraftig i heile perioda.

Gradering i berekraftsmålaren:
Grøn: 180–249 poeng
Grønare: 250–349 poeng
Grønast: 350 poeng eller meir

Korleis registrerer du poeng?

Du registrerer poeng via appen eller ved å logge deg inn på egreisergront.no. Begge stadar har ein kalenderfunksjon som gjer at du når som helst kan legge til grøne poeng for dagar du har gløymt å registrere. Dersom du har lagt inn ei grøn reise på feil dato, kan du trekke frå eller legge til poeng. Bruk pluss- og minustastane for å legge til og/eller trekke frå poeng.

Kan eg byte transportmiddel?
Du får ikkje ekstra grønt poeng ved å bytte transportmiddel undervegs til eit reisemål. Du kan for eksempel ikkje få ekstra poeng ved å sykle éin del av strekninga og så ta buss resten av reisa. Dvs. at reiser du med buss til jobb, kan du ikkje registrere gåturen til og frå haldeplassen, men berre for bussreisa. 

Er det minstegrense for reiseavstand?
Eg reiser grønt har ingen nedre kilometer-grense. Men reisa må vere så lang at ein kunne vurdert å køyre bil, eller at det gir meining å ta bil.

Kva kan eg vinne?
Sjekk premiane i kampanjen!

Korleis melder eg meg på?
I kampanjen er det individuell påmelding. Det er to måtar og melde seg på:
1) Via Eg reiser grønt-appen (App Store/Google Play).
I appen opprettar du ein profil med e-posten din, fyller du ut personalia-skjema i appen og lagrar. Så er du påmeldt. Du vil få ein automatisk e-post som stadfestar at du er påmeldt.

2) Du kan melde deg på via vår nettsida egreisergront.no. Opprett ein profil med e-posten din, fyll ut personalia-skjema og lagre. Så er du påmeldt. Du vil få ein automatisk e-post som stadfestar at du er påmeldt. 

Gløymt passord

Har du gløymt passordet, trykker du på «gløymt passord». Deretter får du tilsendt ei lenke. Klikk på den og vel nytt passord. Kvar gang du gløymer passordet, får du ei lenke og må velgje nytt passord. Dette skyldast krav til datasikkerhet. Skulle det oppstå problem med å få tilsendt passord på e-post, kan du velgje å få tilsendt passord på SMS.

Får eg beskjed om at eg er tilmeldt?
Når din påmelding er mottatt, sender kampanjen ei stadfesting til din oppgitte e-postadresse.

Problem med å melde deg på?
Får du problem med tilmelding, kan du kontakte Sindre Flø

siflo@mt.kommune.no

Kan eg registrere reiselengde?
Nei, det er berre mogleg å registrere tal på grøne reiser.


Korleis vervar eg andre?
Stadfestinga du får på e-post når du melder deg på inneheld ein kode til bruk ved verving av nye deltakarar. Du finn også din kode på «Min side» og under «Din profil». Personar som du vervar, må taste inn din vervekode når dei melder seg på kampanjen. Er du på Facebook, kan du sende vervekoden til dine vener.

Kampanjen registrerer kven som vervar, og kor mange kvar enkelt har verva. 

Sjå vervepremiane og dei andre flotte premiane her!

Korleis veit eg at eg har vunne premie?
Alle som vinn premiar, får melding om dette på e-post eller ein telefon frå leiinga av kampanjen. Normalt vil premiar kunne hentast ut på servicetorget på heradshuset. 

Premier
Det vil bli utropt ein vinnar for kvar veke i alle dei 11 vekene kampanjen vil vare. I tillegg trekkast det tilfeldige vinnarar og beste vervarar kvar veke. 22 premier à kr 2000,-
22 premiar à kr 700,-
44 premiar à kr 200,-

Sjekk premiane i kampanjen!